Tønnes Taralsen
Quick Facts
Biography
Tønnes Taralsen (15. mai 1786–30. oktober 1840) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiansand.
Taralsen var son til ein smed. Sjølv vart han student i 1803 og cand. theol. i 1807. Ei tid var han huslærar hos proprietæren Elias Jørgensen i Stokke. I 1813 vart han kateket og lærar ved borgarskulen i Skien. Sidan var han sokneprest i Ramnes frå 1826 til 1839. Han vart då sokneprest i Stokke, men døydde allereie året etter.
Taralsen var varamann frå Porsgrunn og Skien til Stortinget 1818. Allereie frå 13. februar møtte han i staden for Ole Cudrio. Han var medlem av 12 komitear, mellom anna om sjukehus på landet, og om allmugeskulelova, I 1839 var han 1. representant frå Jarlsbergs og Larviks amt på Stortinget, medlem av Lagtinget, traktatkomiteen og komiteen om stempelpapirlova.
Død 1840 i Stokke.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914