Thomas S. Falck
Quick Facts
Biography
Thomas Dorotheus Scheen Falck (24. februar 1829–18. juli 1889) var ein norsk kjøpmann og skipsreiar frå Drammen. Han var far til Hans L. Falck og representerte Stavanger og Haugesund på Stortinget i 1874.
Thomas S. Falck var son til ein tollar. Han var fleire år utanlands for å lære seg handel, ei tid «assoscie» i eit handelsfirma i Newcastle upon Tyne i England. Frå 1862 var han kjøpmann og skipsreiar i Stavanger. To år seinare vart han i tillegg administrerande direktør i Stavanger sjøforsikringsselskap. Han var også styremedlem i Stavanger kreditbank og i Stavanger støyperi og dokk.
Frå 1864 var Falck medlem i Stavanger bystyre. For perioden 1874-76 vart han kåra til stortingsmann på valtinget 1873. Grunna sjukdom møtte han berre på 1874-sesjonen, medlem av bankkomiteen.
Falck døydde i Hillevåg i Hetland herad, 60 år gammal.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914