
Quick Facts
Biography
Runar Borge (fødd 4. juni 1946) er ein norsk dansar, koreograf og regissør frå Drammen.
Borge har utdanning i ballett og teater frå London, København og Stockholm og var profesjonell dansar i åtte år før han vart koreograf og instruktør. Han har vore fast tilknytt Det Norske Teatret, men har hatt oppdrag på dei fleste teatera i Noreg, inkludert Den norske operaen. Hans fyrste dansejobb var i Spelemann på taket på Det Norske Teatret i 1968. Han har òg spelt i Göteborg, Stockholm, London og Los Angeles. Borge har stått bak meir enn 50 førestillingar, blant andre A Chorus Line, Billy, Cats, Den spanske flue, Funny Girl, My Fair Lady, Operafantomet, Piaf, Sugar, Ungen og West Side Story.
Runar Borge har som regissør teke i bruk dans i ei stor mengd teateroppsetningar og musikalar og har dermed gjort dans til ein tydeleg del av norsk teater både i store og små produksjonar. Han tilpassar koreografi til førestillingane på ein måte som inkluderer dansen i stykket og var den fyrste som fekk laga ny koreografi til musikalen Cats.
Prisar og utmerkingar
- Leif Justers revypris
- Guldmasken 1988 og 1989
- Oslo Bystipend 1990
- Senter for Dansekunsts Ærespris 2002
- Komiprisen 2003 (Fagprisen)
Kjelder
- Hvem Hva Hvor 1992 ISBN 82-516-1391-4
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag4. januar 2010, klokka 20:27.