peoplepill id: per-oscar-andersen
POA
1 views today
1 views this week
Per Oscar Andersen

Per Oscar Andersen

The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Per Oscar Andersen (24. januar 1903–27. juni 1969) var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo, der faren dreiv eit boktrykkeri. Sjølv var han i alle sine aktive år medlem av Idrettsforeningen Ørnulf.

Andersen vann sju individuelle noregsmeisterskap på bane og seks i stafett i åra frå 1924 til 1928. Han vart tildelt kongepokalen under noregsmeisterskapen 1927 etter dobbeltsigeren på 100 meter og 200 meter. I begge løpa tangerte han meisterskapsrekordane.

Andersen tangerte den norske rekorden på 100 meter på 10,7 to gongar før han i 1927 senka den til 10,5 sekundar. Tida, som vart oppnådd i ein triangellandskamp mellom Danmark, Noreg og Sverige i København, var samstundes ny nordisk rekord. I same landskampen vann Andersen 400 m på 49,3 sekundar. 10,5 vart ståande som norsk rekord i elleve år før Erik Sjøvall forbetra den med eitt tidels sekund i 1938.

På 200 meter vart Andersen den fyrste nordmann under 22 sekundar då han 18. september 1926 flytta rekorden frå 22,1 til 21,6 sekundar. Året etter tangerte han 200 meter-rekorden, fyrst i 1939 senka Haakon Tranberg den norske rekorden til 21,5. Grunna sjukdom trekte Andersen seg tilbake i 1928, og tevla aldri sidan.

Kjelder

  • Raskest, høyest, lengst i 100 år. 1986
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Per Oscar Andersen is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Per Oscar Andersen
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes