Peder Willumsen Juell
Quick Facts
Biography
Peder Willumsen Juell (4. desember 1769–19. februar 1839) var ein prest og stortingsmann frå Vang i Hedmark. Ole Juell var bror hans.
Juell var son til ein sorenskrivar. Han vart cand. theol. i 1794 og deretter pers. kapellan i Stange året etter. Han var prest på Christiania tukthus frå 1798, i 1801 residerande kapellan i Aker. Sokneprest i Sørum frå 1813 til han døydde, også prost i Nedre Romerike 1820-38.
Juell var 3. representant frå Akershus amt på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822. I 1821 var han medlem av åtte komitear. Han var formann i fire av komiteane; komiteen om uekte born og fråskilde kvinner, komiteen om løna til geistlege embetsmenn, om løna til skulehaldarane, og om Tromsø seminar og alllmugeskulestellet.
Tildelt borgardådsmedaljen.
Juell døydde i Sørum i 1839.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Peder Juell NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv