peoplepill id: oystein-langedrag
ØL
Norway
1 views today
1 views this week
Øystein Langedrag
Norwegian musician

Øystein Langedrag

The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Øystein Langedrag, fødd 1786 og daud 1848, var ein spelemann frå Seljord i Telemark. Han var den førande spelemannen i Telemark i si tid, attmed Knut Lurås frå Tinn. Han var og lærar for Myllarguten.

Langedragen fekk mykje av spelet sitt beinveges frå Jon Kjos, men kom til å føre nye tonar inn i Telemarksspelet. Han "låg ute", som det heiter, under Napoleonskrigane åra 1807 til 1814, og kom attende med nye impulsar. Han råka på spelemenn frå andre dalføre, og kom til å høyre marsjorkester, noko som påverka tonekjensla. Spelet til Øystein vart meir klassisk durprega av dette. Samstundes er det rekna at det var Øystein som førte bruremarsjen inn i hardingfeletradisjonen i Telemark.

Øystein Langedrag lærte opp Myllarguten, men og sonen Leiv Sandsdalen. Frå Sandsdalen gjekk spelet etter Øystein vidare til mellom andre Torkjell Haugerud. Mykje av spel-tilfanget i Vinje er langedrag-spel. Gangarane Langedragen 1, 2 og 3 har namn etter han.

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Øystein Langedrag is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Øystein Langedrag
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes