peoplepill id: otto-h-svenkerud
OHS
Norway
1 views today
1 views this week
Otto H. Svenkerud
escritor noruegu (1873–1938)

Otto H. Svenkerud

The basics

Quick Facts

Intro
escritor noruegu (1873–1938)
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Våler
Age
64 years
The details (from wikipedia)

Biography

Otto Halvorsen Svenkerud (30. desember 1873–31. oktober 1938) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Våler i Solør som representerte Hedmark fylke og partiet Høgre på Stortinget 1925-27. Kristian Halvorssen Svenkerud var farfaren hans.

Liv og gjerning

Svenkerud tok middelskoleeksamen i 1889 og eksamen ved Jønsberg landbruksskole i 1893. Dei to neste åra var han fullmektig for den rike skogeigaren Arne Omsted i Grue, før han i 1895 byrja som tømmermerkar i Østerdalen og Solør, eit syssel han hadde til 1918. Frå 1900 var han gardbrukar på Korsbakken i Elverum, til han i 1904 tok over garden Storhov i Elverum, ein gard som morsslekta hans åtte. I 1918 kjøpte han grannegarden Skjefstad og dreiv begge bruka samla.

Til Jubileumsutstillinga 1914 var Svenkerud komiteformann for Hedmark. Seinare var han med i den departementale komiteen om utstillingsplassen på Smedstadmoen av 1920. I tida 1919-28 og seinare 1931-34 var Svenkerud medlem i heradsstyret i Elverum. Han var til ulik tid også formann i likningskommisjonen, skogutvalet og skogrådet i Elverum. Dessutan formann i overstyret for Jønsberg landbruksskole i tolv år frå 1925, og styremedlem i Landstelefonforeningen.

Frå 1922 til -25 var Svenkerud medlem i Høgre sitt sentralstyre. Perioden 1922-24 var han andre varamann til Stortinget frå Hedmark, og møtte ti dagar i april 1924. I den neste stortingsperioden, 1925-27, var han stortingsmann med fast plass, medlem i Landbrukskomiteen. Han var i 1926-27 med i riksretten som frikjende Berge-regjeringa.

Svenkerud hadde stor interesse for hest, og var formann i Sør Østerdalens Hesteavlsforening 1902-11 og på ny frå 1927. I mellomtida, 1917-26, leia hanHedemarkens Hesteavlsforening. Elles var han styremedlem 1923-29 i Norsk Jæger- og Fiskerforening og formann 1931-33 i Sør Østerdalens Skogeierforening.

Svenkerud var medarbeidar i Norsk Landmannsblad, og skreiv elles mykje i pressa om landbruk og om politiske spørsmål. Han forfatta Elverum-Våler Telefonforenings 50-års beretning 1886-1935.

Kjelder

Autoritetsdata
Autoritetsdata
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Otto H. Svenkerud is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Otto H. Svenkerud
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes