Otto Georg Jahn Reimers
Quick Facts
Biography
Otto Georg Jahn Reimers (27. november 1867–11. mars 1962) var ein norsk gardbrukar og politikar, fødd i Bergen og busett i Vikedal i Rogaland.
Reimers var son til ein bakarmeister i Bergen. I yngre år var han elev ved Den Tankske middelskole i Bergen,Bergens tekniske skole og 1886-88 ved Stend landbruksskule. Deretter arbeidde han med jordbruk og meieri i Danmark til han i 1890 fekk jobb som agronom ved Halsnøy kloster. I 1892 slo han seg ned på garden Førland i Vikedal og dreiv denne til han i 1922 skøytte den over til sonen. Frå 1935 var Reimers tilsett ved Norges Kjøtt- og Fleskesentral sitt kontor i Oslo.
Frå 1897 hadde Reimers plass i Vikedal heradsstyre, varaordførar 1907-10 og ordførar 1910-16. Han var skulestyreformann i Vikedal i to periodar. I 15 år var han styremedlem i Stavanger Amts Landhusholdningsselskap.
Reimers fekk plass i landsstyret til Landmannsforbundet/Norges Bondelag i 1919, ein posisjon han hadde til 1933. Han sat såleis sentralt då Landmannsforbundet/Bondepartiet stilte til stortingsval for fyrste gong hausten 1921. Reimers fekk fyrsteplassen på vallista i Rogaland og vart vald til stortingsmann frå fylket. Han lukkast ikkje verte attvald hausten 1924, men vart derimot vald i 1927 og 1930. Perioden 1922-24 var han medlem i Protokollkomiteen, medan han frå 1928 til -32 var medlem av Utanriks- og fagskulekomiteen og Utanriks- og konstitusjonskomiteen. 1933-sesjonen var han permittert. Utanom Stortinget var han medlem i Høifjellskommisjonen tida 1920-40.
Kjelder
Autoritetsdata | |
---|---|
Autoritetsdata |