Orm Hansson Øverland
Quick Facts
Biography
Orm Hansson Øverland (3. desember 1783–26. april 1877) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nedstrand i Rogaland. Hans Øverland var sonen hans.
Far hans var gardbrukar. Sjølv vart han oppfostra hos ein farbror og overtok i 1809 garden hans. Han var lensmann frå 1819, og slutta som gardbrukar i 1847.
Øverland var stortingsmann for Stavanger amt i 1815-16, 1821 og 1822. På omframstortinget 1815-16 var han medlem av fire komitear, mellom dei var komiteen om landbruk, skogbruk og bergdrift og komiteen om allmugeskulelova. I 1821 var han medlem av tolv komitear, der i mellom om fisket ved Skudenes, om hummarfisket, om Tromsø seminar og allmugeskulestellet samt om brennevinsbrenning på landet. Han var elles sekretær i komiteen om Smaalenssaka.
Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Orm Hansson Øverland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv