peoplepill id: ole-schare
OS
Norway
1 views today
2 views this week
Ole Schare
Nork politikar

Ole Schare

The basics

Quick Facts

Intro
Nork politikar
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Øvre Eiker, Norway
Place of death
Kristiansund Municipality, Norway
Age
62 years
The details (from wikipedia)

Biography

Ole Toresen Schare (31. desember 1766–21. januar 1829) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud.

Schare var fødd på garden Skara i Øvre Eiker, der far hans dreiv eit gardsbruk. Sjølv reiste han til Danmark og tok dansk juridisk eksamen i 1791, og arbeidde deretter som prokuratur ved både under- og overretten i Noreg frå 1792. I 1802 fekk han stilling som byfut i Kristiansund. Han utmerkte seg då byen forsvarte seg mot britiske angrep i ufredsåra 1807-14.

Schare representerte valkrinsen Kristiansund og Molde på Stortinget 1815-16. Han var medlem av Lagtinget, riksretten og fire komitear, mellom anna av komiteen vedkomande økonomi, handel og sjøstell i kjøpstadene.

I 1820 vart Schare suspendert frå byfut-stillinga, grunna mangel i kassa til byfuten. Tre år seinare vart han frådømd embetet, grunn embetsførsla. 27. juli 1824 vart han ved underretten dømt til å betale sakskostnadene. Samstundes vart han sett i fengsel på festninga i Trondheim, der han måtte sitje til dess 6 100 spesiedalar var innbetalt. Dommane vart stadfesta i høgare rett, sist av Høgsterett 18. mai 1926.

Ved kongeleg resulosjon av 16. februar 1828 vart Schare friteken frå å arbeide saman med andre fangar på festninga, og fekk bupel åtskild frå dei andre fangane. Eit lite år seinare døydde han i Kristiansund.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Ole Schare is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Ole Schare
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes