Ole Saxild
Quick Facts
Biography
Ole Saxild (22. juni 1788–10. januar 1849) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann frå Skien.
Saxild var fødd på Gråten, i dag ein bydel i Skien som den gongen låg utanfor bygrensa. Han var son av ein offiser, men sjølv tok han dansk juridisk eksamen i 1810 og vart sakførar i Larvik. I 1812 vart han regimentkvartemeister og auditør, til dess han i 1826 fekk stillinga som byfut i Tønsberg. Frå 1841 var han fut i Hedmark, sidan 1847 var han sorenskrivar i Trøgstad der han døydde allereie vinteren 1849.
Saxild representerte Tønsberg på Stortinget i 1836 og på det overordentlege storting 1836-37. På 1836-tinget var han sekretær i bankkomiteen og i komiteen om brannvesenet i byane, medan han på 1836-37-tinget var sekretær i komiteen som løyvde midlar.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914