Olav Vegheim
Quick Facts
Biography
Olav Thorbjørnsson Vegheim (25. oktober 1895–6. mars 1962) var ein norsk pressemann og politikar frå Bø i Telemark. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1934 til -45.
Vegheim var son til ein småbrukar. Etter han tok middelskuleksamen i 1913 hadde han det neste tiåret eit rad ulike jobbar. I 1914-15 var han handelsbetjent, deretter arbeidde han i avisene Østerdalens Socialdemokrat i 1916, i Folkeviljen i Harstad 1917 og Arbeidets Rett på Røros 1918. Åra 1918-21 var han redaksjonssekretær i Ny Tid i Trondheim, og deretter var han redaktør i avisa Klassekampen i Oslo til mars 1923. Dei neste månadene gjorde han teneste ved kontora til den kommunistiske ungdomsinternasjonalen i Berlin og Moskva, som medlem av eksekutivkomiteen (styret).
Då Arbeidarpartiet i november 1923 vart sprengt og Norges Kommunistiske Parti vart danna, melde Vegheim seg inn i NKP.Dei neste par åra dreiv han med opplysningsarbeid for NKP. I 1925 eller -26 braut han med partiet, og melde seg innatt i Arbeidarpartiet.
Frå mars 1927 var han redaksjonssekretær i Bergens Arbeiderblad til han i 1928 fekk redaktørjobben i Telemark Arbeiderblad i Skien. Den stillinga hadde han heilt til avisa vart stoppa 1. desember 1940. Frå 1941 til 1945 var han vaktmann ved A/S Heistad Fabrikker.
Valperioden 1934-36 var Vegheim stortingsmann frå Telemark for Arbeidarpartiet. Han vart attvald hausten 1936 og representerte fylket og partiet frå 1937 til 1945. I begge disse stortingsperiodane var han medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.
I 1945 vart han konstituert fylkesfullmektig i Telemark og ordførar i Gjerpen.