peoplepill id: olav-sande
OS
Norway
1 views today
2 views this week
Olav Sande
Norwegian politician

Olav Sande

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian politician
A.K.A.
Olav Øysteinsson Sande
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Lavik, Norway
Place of death
Bergen, Norway
Age
77 years
Politics:
The details (from wikipedia)

Biography

Olav Øysteinson Sande (28. juni 1850–23. august 1927) var ein skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar og komponist frå Kyrkjebø, i dag Høyanger i Sogn.

Sande tok lærareksamen i 1871 og var lærar i Leikanger i Sogn frå 1873. I åra framover var han ein leiande i det frilynde ungdomarbeidet i Sogn. Han tok til å samle folkeminne og gav ut to samlingar med segner frå Sogn, 1887 og 1892. I 1895 gav han ut Bibelsoga fyr folkeskulen. Han skreiv også dikt og forteljingar.

Fram om alt var Sande ein folketonesamlar, som fekk statsstipend frå 1899. Mellom 1904 og 1911 kom firebandsverket Norske tonar. Elles let han etter seg 2 500 nummer som no er å finne på Universitetsbiblioteket i Oslo. Sande tonesette fleire nynorske dikt, mest kjende er Det stig av hav eit alveland og Aa eg veit meg eit land.

Sande døydde i Bergen.

Bibliografi

Bøker

  • 1887 – Fraa Sogn : segner og annat. I(Bergen: Mons Litleré)I fulltekst ved nb.no
  • 1889 – Innestengt : forteljing(Bergen: Mons Litlere)I fulltekst ved nb.no
  • 1892 – Segner fraa Sogn. II(Bergen: Mons Litlere)I fulltekst ved nb.no
  • 1895 – Bibelsoga fyr folkeskulen(Kristiania: Norli Forlag)I fulltekst ved nb.no
  • 1904 – Norske tonar fyr heim og skule. 1(Syrstrond)
  • 1907 – Norske tonar fyr heim og skule. 2(Syrstrond)I fulltekst ved nb.no
  • 1909 – Norske tonar fyr heim og skule. 3(Syrstrond)
  • 1910 – Norske tonar fyr heim og skule. 4(Syrstrond)I fulltekst ved nb.no
  • 1992 – Segner frå Sogn(Bergen: Norsk Bokreidingslag)I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Olav Sande. Redaktørar: Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
  • 2004 – Segner frå Sogn(Leikanger: Skald forlag) . ISBN 82-7959-045-5 [Språkleg bearbeiding av Odd Njøs; utval og illustrasjonar av Kjersti Isdal]

I tidsskrift - eit utval

Utmerkingar

  • Olav Sande vart tildelt Kongens fortjenstmedalje 1. juli 1925.

Tekstar om Olav Øysteinson Sande

Referansar

  1. Det norske kongehuset

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Menu Olav Sande

Basics

Introduction

Bibliografi

Utmerkingar

Tekstar om Olav Øysteinson Sande

Referansar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Gallery (1)

Lists

Also Viewed

Lists
Olav Sande is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Olav Sande
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes