Øivind Johannessen
Quick Facts
Biography
Øivind Johannessen (21. september 1924–11. mai 1996) var ein norsk fotballspelar og -trenar frå Sandefjord, norsk landslagssjef 1970-71. I tida 1949-52 spelte han fire landskampar for Noregs landslag.
Johannessen spelte på Sandefjord Ballklubb då han debuterte som norsk landslagsmålvakt borte mot Sverige i oktober 1949, han entra bana i det 11. minutt som innbytar for Torgeir Torgersen. I 1950 melde han overgang til osloklubben Skeid og var ein viktig bidragsytar i stordomstida til laget. Mellom anna vakta han målet då Skeid vann cupfinalen i 1954, 1955, 1956 og 1958. Skeid vann A-gruppa i Hovudserien 1957/58, men tapte seriefinalen mot Viking FK.
Seinare trente han Skeid då laget vann norgesmeisterskapen i 1965. Johannessen var sjef for det norske juniorlandslaget 1967-69 , før han var landslagssjef 1970–71. Sidan var han trenar i Vålerenga i 1974 og i Skeid i 1981.
Kjelder
- Magnus Breili: Fotballboken. 1967