Oddvar Isene
Quick Facts
Biography
Oddvar Isene (fødd 1944) er ein norsk adjunkt. Han er oppvaksen på Stårheim i Eid kommune. Isene er utdanna lærar og adjunkt med hovudvekt på norsk og historie. Han har undervist i grunnskule og vidaregåande skule, og dei siste 30 åra jobba han som skuleleiar i ulike kommunar: I Strand kommune var han lærar 1972-1978 og pedagogisk konsulent 1978-1979, i Flora kommune 1980-1987, som pedagogisk konsulent og delvis fungerande skulesjef, i Naustdal kommune 1988-1998, som skule- og kultursjef og i Siljan kommune 1999-2009 som kommunalsjef for oppvekst og kultur.
Ved sida av har han vore aktiv som frilandsjournalist og redaktør: i Stavanger Aftenblad 1973-1979, i lokalavisa "Strandbuen" i Ryfylke, i kulturmagasinet "Sogn og Fjordane Magasin" 1988-1989.
Isene var prosjektleiar for etablering av det nasjonale "Nettverket Historiske Spel" 2007-2009, med støtte frå Norsk kulturråd.
Oddvar Isene er pensjonist og bur i Florø. Han er aktiv som frilans, særleg innan kulturjournalistikk.
Bibliografi
Bøker
- 1986 – Apropos Ny mønsterplan : lokalt og globalt ansvar -tips, metoder, prinsipper / (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 82-00-18338-6 Tilgjengeleg i bokhylla.no [Red.: Oddvar Isene og Erling Roland]
- 2014 – Kinn og Kinnaspelet (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-079-4