Noralv Pedersen
Quick Facts
Biography
Noralv Pedersen (fødd 1975) er ein norsk forfattar og journalist, busett i Vik i Sogn. Pedersen er journalist i NRK Vestland og arbeider med programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han har òg arbeidd i NRK Kulturnytt. Pedersen er språkkontakt i redaksjonen, har vore mangeårig medlem i NRK sitt språkstyre og har halde ei rekkje kurs i godt og rett språk.
Noralv Pedersen er cand.polit. med hovudfag i geografi frå NTNU.Tidlegare arbeidde han som journalist og spaltist i fleire aviser, m.a. Dag og Tid og Klassekampen.
Han har gitt ut fleire bøker.Den første, antologien Fri, kom ut i 1998.I 2009 gav han ut Den gode viljen. Ein dokumentar om norsk fredspolitikk, og i 2013 kom Når far treng meg. Ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg.
Bibliografi
Bøker
- 1998 – Fri(Trondheim: Tapir) . ISBN 82-519-1318-7I fulltekst ved nb.no [Red. saman med Tore Hugubakken]
- 2000 – Bølgedager : reportasjer om studenter(Trondheim: Tapir) . ISBN 82-519-1573-2I fulltekst ved nb.no [Red. saman med Eiliv Gunleiksrud]
- 2007 – Austen og Vesten på kollisjonskurs : politikarar i Aust-Timor sine oppfatningar av demokrati(Trondheim: Eige forlag)
- 2009 – Den gode viljen : ein dokumentar om norsk fredspolitikk(Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-430-0481-8
- 2013 – Når far treng meg : ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg(Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-43007604
Kjelder
- ↑ «Endå eit fredsprosjekt i grus?», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 12. mars 2020
- ↑ «Når far treng meg - ISBN 9788243007604 - Spartacus Forlag», spartacus.no, henta 12. mars 2020
Bakgrunnsstoff
- Forfattarside ved spartacus.no