peoplepill id: nils-olsson-villand
NOV
1 views today
1 views this week
Nils Olsson Villand

Nils Olsson Villand

The basics

Quick Facts

Gender
Male
The details (from wikipedia)

Biography

Nils Olsson Villand (fødd 1717) var den tredje av sønene til Blank-Ola og Ragnhild Ellingsdotter Villand. Han budde på garden Noss i Ål, og er ofte hugsa som Nils Noss. Garden fekk han av Tolleiv Rikandsrud, søskenbarn av Blank-Ola.

Tingbøkene kan fortelja at han Nils var trettekjær og lett hamna i tvistemål med grannar. I 1745 vart han soleis stemna av grannen Klaus Noss for å ha brote husfreden. Det er meldt at broren Torkjell Olsson Villand førde saka for Nils den gongen. Tinget vart halde på Sundre. Seinare vart han og stemna inn av futen i Hallingdal for å ha gått laus på Ola Noss med eit grev, og skadd han i hovudet. Det er og meldt at det vart slagsmål på Noss julaftan 1748.

Segnene har ikkje teke fatt i desse hendingane, etterdi dei ikkje hadde nok av segnstoff i seg.

I dei store sinna blir det strid for striden si eiga skuld og ikkje for småtings skuld. Nils Villand hadde ingenting av denne stordomen i sinnet. Slagsmålsrogsterne hans lyfter seg ikkje på nokon måte opp over det vanlege, endå om han slo av armen på ein og skadde ein annan i hovudet med grev. (Reinton: Villandane).

Kjelder

  • Lars Reinton: Villandane
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Nils Olsson Villand is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Nils Olsson Villand
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes