Martin Gundersen
Quick Facts
Biography
Martin Gundersen (25. september 1835–17. juli 1886) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Åsnes i Hedmark.
Gundersen var son til gardbrukarar i Åsnes. Sjølv vart han eigar av garden Keiserud i heimbygda, folketeljinga 1865 fortel at han i tillegg til sitt arbeid som gardbrukar var «Incassator og Regnskabsfører». I 1873 vart han også lensmann i Åsnes.
Allereie i 1855, 20 år gammal, vart Gundersen kasserar for Åsnes herad, og frå 1864 til -74 var han ordførar i Åsnes. Han var dessutan med i forlikskommisjonen i mange år, samt kasserar i den lakale sparebanken frå 1879.
Gundersen var fyrste varamann til Stortinget 1871-73 og møtte i 1872 frå 25. april, i staden for den dødssjuke Anders Reitan. I 1873-sesjonen var han på fast plass. Stortingsperioden 1874-76 møtte han som 2. representant for Hedemarkens amt. Heile tida var han medlem av konstitusjonskomiteen. Gundersen var elles medlem av skoglovskommisjonen av 1871.
Han døydde på garden sin i Åsnes i sitt 51. år.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914