Magni Øvrebotten
Quick Facts
Biography
Magni Øvrebotten (fødd 12. juni 1954) frå Botnane i Bremanger er ein norsk journalist, NRK-redaktør, målkvinne og per 2017 leiar for Nynorsk Mediesenter i Førde.Saman med mannen Åsmund Berthelsen og borna har ho budd i Naustdal sidan 1982.
Bakgrunn
Øvrebotten var eldst i ein syskenflokk på tre og voks opp på gard i den tid det var sjølvsagt at ungane skulle vera med i arbeidet. Ho måtte tidleg stå på eigne bein og ta eigne standpunkt, og som 14-åring måtte ho flytta til industribygda Svelgen for å gå på framhaldskule.
Journalist
Alt som 8-åring bestemte Øvrebotten seg for å bli journalist, og 17 år gamal fekk ho sommarjobb i Gula Tidend, der Per Håland var redaktør. Avisa hadde rykte på seg til å vere ein tøff arbeidsstad, og i pressekrinsar heitte det at overlever du som journalist i Gula Tidend, så er det ikkje anna råd enn at du må bli det.
Målkvinne
I Botnane var nynorsk målet då Magni Øvrebotten vaks opp. Då ho i vaksen alder vart ei målkvinne og kjempa for eigen og andre sin rett til å skrive på nynorsk, meiner Øvrebotten sjølv at det kan sporast tilbake til historier bestemor hennar fortalde; Bestemora måtte skrive dansk på skulen, og syns det var forferdeleg fordi ho tykte aldri ho vart god nok i norsk. Denne uretten gjorde eit sterkt inntykk på barnebarnet.
Utdanning og arbeid
Innimellom folkehøgskule, gymnas og journalisthøgskule var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommen og hadde sommarjobb i ulike aviser. I avisa Nationen ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje. Frå 1980 har ho arbeidd i NRK Sogn og Fjordane, fem år som journalist, fem som redaksjonssjef og 14 som distriktsredaktør. Sidan 2004 har ho vore leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, som vart oppretta i Førde i 2002.