Kristen Chr. Kopseng
Quick Facts
Biography
Kristen Christoffersen Kopseng (6. oktober 1862–21. august 1940) var ein lærar, gardbrukar og politikar frå Eggedal i Buskerud. Han var stortingsrepresentant i til saman tolv år, fyrst ein periode for Frisinna Venstre, og seinare i tre periodar for partiet Høgre.
Kopseng var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut frå seminaret i Asker i 1885 og var lærar i Krødsherad 1886-88. Han flytta då til Sigdal og var lærar der, og tillegg gardbrukar då han vart inngift på garden Hunstad. Mange år seinare, i 1918, kjøpte han garden Haug i Sigdal og busette seg der. Kopseng var i mange år formann i skulestyret og i 21 år formann i det lokale ungdomslaget. Han var medlem av heradsstyret i tida 1911-19, og vararordførar.
Vinteren 1910 møtte Kopseng på Stortinget i to veker som varamann for Bernhard Tandberg, og i 1912 møtte han på tinget frå 14. juni og resten av 1912-sesjonen, medlem av Landbrukskomiteen. Valperioden 1913-15 representerte han Hallingdal krins og Frisinna Venstre på Stortinget, medlem i Gasje- og pensjonskomiteen. Frå 1919 til -27 møtte han på tinget for Høgre, perioden 1919-21 frå Hallingdal i Justiskomiteen og deretter frå Buskerud fylke og Protokollkomiteen, sekretær 1922-24.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Stortingsbiografi