peoplepill id: knut-mykland
KM
Norway
1 views today
1 views this week
Knut Mykland
Norwegian professor and historian

Knut Mykland

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian professor and historian
Places
Gender
Male
Place of birth
Mykland, Froland, Aust-Agder, Norway
Place of death
Bergen, Bergen Municipality, Hordaland, Norway
Age
85 years
Awards
Fridtjof Nansen Award for outstanding research, historical-philosophical class
(1991)
Sverre Steen Award
(2003)
The details (from wikipedia)

Biography

Knut Mykland (20. april 1920–4. november 2005) var ein norsk historikar, for det meste knytt til Universitetet i Bergen. Han spesialiserte seg særleg på dansketida og hendingane knytt til 1814. Mykland framheva positive drag ved unionen med Danmark. Han la vekt på at hopehavet i Danmark-Noreg gav føremoner for norsk økonomi. Han var fødd i bygda Mykland i Aust-Agder fylke, og døydde i Bergen.

Han byrja å studere vedUniversitetet i Oslo i 1940.Krigen førte til eit avbrot i studia, og han flykta til Sverige og vart norsk politisoldat. Etter frigjeringa byrja han med hovudfagsstudiar i historie med Sverre Steen som vegleiar.

Mykland vart saman med Alf Kaartvedt utnemnd til den fyrste professoren i historie ved det nyoppretta Universitetet i Bergen i 1957. Denne stillinga hadde han til 1987. Han var hovudredaktør for femtenbinds-verket Norges Historie, som kom ut på Cappelens Forlag i perioden 1976-1980. Han var sjølv forfattar av binda om tida frå 1648 til 1720, og om perioden 1784-1814. Då sosialhistoria fekk fornya interesse på 1970-talet, var Mykland mellom initiativtakarane til digitaliseringa av folketeljinga frå 1801. Seinare dette tiåret sette han i gang det nordiske forskingsprosjektet Sentralmakt og lokalsamfunn der Danmark-Noreg og Sverige-Finland vart systematisk samanlikna.

Myklands skrivestil ber preg av grundig kjeldekunnskap. Han illustrerer poenga sine med utsegner frå primærkjeldene, slik at sitata tilsynelatande er heilt innvevd i teksta.

Historiesyn

Mykland vidarefører tradisjonen frå konservative historikarar somTorkel H. Aschehoug og Yngvar Nielsen. Desse hevdar at unionen med Danmark i hovudsak var fordelaktig for norsk økonomi og kultur. Mykland er ein talsmann for at Oldenborg-staten var eit av dei mest liberale regima i samtidas Europa. Han hevdar òg at skattenivået i Noreg i dansketida var relativt lågt, kanskje berre 2-3%.Mykland peikar også på at straffenivået var relativt lågt. Påstanden om lågt skattenivå førte til ein langvarig debatt med Kåre Lunden som har eit "kolonialistisk" utbyttingsperspektiv på dansketida. Ynskje om norsk sjølvstende før 1814 kom ifylgje Mykland frå borgar- og embetsmannshald, ikkje frå bønder. Misnøya var ikkje retta mot Oldenborgregimet i seg sjølv, berre mot heilstatspolitikken og målsetjingane i denne. Bøndene opprettheldt lojaliteten mot kongen og regimet. Mykland hevdar at Kristian Fredrik i 1814 handla på oppdrag av Fredrik 6., målet var å gjenopprette unionen Danmark-Noreg. Han ser kornleveransane frå Danmark til Noreg som indisium på dette motivet; "uten [ kornet ] ingen riksforsamling, intet kongevalg, ingen 17. mai"

Bibliografi

  • 1955 Grandeur et decadence: en studie i Ernst Sars' historiske grunnsyn, historiografi om Sars
  • 1955 Skiftet i forvaltningsordningen i Danmark og Norge i tiden fra omkring 1630 og inntil Frederik den tredjes død
  • 1955 Fra Søgaden til Strandgaten 1807-1880, Trondheim bys historie bind 3.
  • 1967 Omkring 1814, Redaktør av denne antologien
  • 1977 Gjennom nødsår og krig 1648-1720, Cappelens Norges Historie bd 7
  • 1978 Kampen om Norge 1784-1814, Cappelens Norges Historie bd 9
  • 1985 Revolusjonstid og Napoleonstid, Cappelens verdshistorie bind 13
  • 1987 Norge i dansketida, saman med Sverre Bagge (som skreiv om tida før reformasjonen). Opphavleg eit bind om Noreg i den dansk-norske unionen i Politikens Danmarkshistorie. Dansk tittel: "Norge under foreningen med Danmark"


Referansar

  1. Lunden, Kåre 1980, ”Norsk økonomi under dansk styre”, Historisk tidsskrift:88-108
  2. Cappelens Norges Historie bd.9 s 322

Bakgrunnsstoff


The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Knut Mykland is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Knut Mykland
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes