peoplepill id: kari-bing
KB
Norway
1 views today
3 views this week
The basics

Quick Facts

Places
Gender
Female
Place of birth
Oslo, Oslo Municipality, Norway
Place of death
Bærum Municipality, Viken, Norway
Age
77 years
Family
Spouse:
Magne Stueland (1952-)
The details (from wikipedia)

Biography

Kari Bing Stueland (11. oktober 1919–7. mars 1997) var ein norsk keramikar som hadde suksessar både nasjonalt og internasjonalt. Saman med ektemannen sin Magne Stueland laga ho brukskunst, først og fremst krus, kanner og skåler.

Biografi

Kari Bing vart fødd i Oslo, men flytta til Blommenholm som eittåring. Allereie som liten interesserte ho seg for keramikk. Ho tok med seg leire frå hagen og brukte ein sveivegrammofon som dreieskive.

I 1936, då Bing var 17 år, starta ho på Statens handverks- og kunstindustriskule der ho studerte i 4 år kor eit var som utvekslingsstudent på Brighton College of Art i England. Etter utdanninga si hadde ho praksis hos den norske keramikaren Jens von der Lippes verkstad. Året etterpå opna ho sin eigen verkstad på Blommenholm i Bærum.

1951 byrja Magne Stueland å arbeida i verkstaden til Kari Bing, året etterpå gifta dei seg. Paret samarbeidde fram til Magnes død i 1984, deretter heldt Kari fram arbeidet på eiga hand. Paret og Karis eigne verk bestod av bruks- og prydgjenstandar, anten einsfarga eller med mønster i sterke fargar.

Bing var engasjert i det lokale kunstnarmiljøet. I 1950 sat ho i juryen som valde ut serviset til bankettsalen i Oslo rådhus. Under dei seinare åra i livet sitt var ho aktiv i Akershus Kunstsenter. Ho underviste sjølv i keramikk i mange år, både i skular og for kunsthandverksforeiningar.

Frå 1978 hadde Bing fast plass på Sandvika torg der ho selde sine eigne og Magne sine produkt.

Verk i offentlege samlingar[11]

  • Nasjonalmuseet, Norge
  • Museo internazionale delle ceramiche, Faenza

Utstillingar[12]

  • Sommerutstilling, Drammens museum, 1943
  • Foran gjenreisningen, Foreningen Brukskunst, Kunstnernes Hus, Oslo, 1946
  • Norsk Brukskunst, Göteborg, 1951
  • Norsk Brukskunst, København, 1951
  • Foreningen Brukskunsts høstmønstring, Kunstnernes Hus, Oslo, 1952
  • Foreningen Brukskunsts høstmønstring, Kunstnernes Hus, Oslo, 1953
  • Design in Scandinavia, Vandreutstilling USA, 1954
  • The Arts of Norway, USA, 1957
  • Galleri Terningen, Sandvika, gjentekne gonger

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Kari Bing is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Kari Bing
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes