
Quick Facts
Biography
Just Johan Bing (9. september 1793–7. januar 1877) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Østfold.
Bing var fødd i Fredrikstad, far hans var offiser. Han gjekk sjølv offisersvegen, vart offiser i 1809. Seks år seinare tok han som premierløytnant avskjed med det militære. År 1822 tok han norsk juridisk eksamen, frå 1827 var han underrettsprokurator i Østfold. Han vart byfut i Fredrikstad i 1831. I 1839 vart Bing sorenskrivar i Tune, eit embete han hadde til han i 1853 flytta til tilsvarande embete i Rakkestad.
Bing var varamann til Stortinget ved tre påfylgjande stortingsval, før han kom inn på Stortinget frå Fredrikstad i 1836. Han møtte også på det overordentlege storting 1836-37 og stortinget 1839. Under alle tre tingsamlingane var han sekretær i Odelstinget og visesekretær i Stortinget. På ny på Stortinget i 1845 og i 1848, då vald for Fredrikstad og Sarpsborg. Han var i 1845 sekretær i Stortinget og i kyrkjekomite nr 1. I 1848 var han medlem av kyrkjekomite nr 2.
Bing døydde i Eidsberg i 1877.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Just Johan Bing NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv