Julius Grasåsen
Quick Facts
Biography
Julius Grasåsen (31. mars 1897–1986) var ein norsk bonde og politikar frå Vegårshei.
I yngre år gjekk Grasåsen to år ved Holt landbruksskule og eitt år på Voss folkehøgskule. Elles arbeidde han på farsgarden, og han styrte Arendals-kontoret til Agder Tidend frå 1927 til 1929. Han tok deretter til som bureisingsmann og gardbrukar i heimbygda Vegårshei.
Grasåsen var fylkessekretær i Aust-Agder bondeparti frå 1924 til 38 og på ny 1947-49. Åra 1936-40 reiste han rundt og var tilsynsmann og talar for Norges Bondelag. Han var stortingsmann for Bondepartiet og Aust-Agder i perioden 1937-45, medlem av sosialkomiteen. Fylkesformann i Bondepartiet frå 1945 og samstundes medlem i landsstyret i partiet.
Grasåsen var gjennom heile livet oppteken av lokalhistorie og skipa i 1985 Vegårshei Bygdetun, som i tillegg fekk namnet Julius Grasåsens Samlingar.
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954
- Stortingsbiografi