Jon Rosenlid
Quick Facts
Biography
Jon Rosenlid (3. desember 1891–1974) var ein meisterspelemann og slåttekomponist frå Fjelli iStryn kommune i Sogn og Fjordane. Hanbudde mesteparten av tida i Bergen, og er kjend for drivande dansespel og for mange gode slåttekomposisjonar.
Bakgrunn
Jon Rosenlid vaks opp i grenda Fjelli i Stryn iNordfjord. Foreldra var Lars Matiasson Rosenlid frå Fjelli (1857-1907) og Olina Rosenlid frå Hornindal (f. Bakke, 1857-1932). Jon Rosenlid var gift med Olava Rosenlid (f. 1894 i Rygg i Hornindal).
Spelemann
Medan han gjekk i småskulen byrja Jon Rosenlid å spele vanleg fele. I 1907, då Rosenlid var 16 år, fekk han høyrehardingfelespelet til Sjur Helgeland frå Voss. Det gjorde slikt inntrykk at han kjøpte seg ei hardingfele av felemakar Bertil Rasmussen i Bergen. Jon Rosenlid var ein av dei fyrste i Nordfjord til å ta hardingfela i bruk. Viktige læremeistrar var Magne Maurset, Jens K. Maurset, og Gabriel Reed på Breim i Gloppen.
Rosenlid flytta til Bergen i 1911, og budde der mesteparten av livet. I Bergen arbeidde han som skreddar. Han var med på å skipe Fjellbekken spelemannslag, og leia laget i mange år. Dessutan var han fast spelemann for leikarringen i Bergen Ungdomslag Ervingen i over 50 år.
I 1924 turnerte Rosenlid som slåttespelar i USA, og året etter vann han Landskappleiken.
Musikalsk ettermæle
Den som har vidareført mest av Jon Rosenlid sitt spel er Finn Vabø i Bergen.
Prisar og utmerkingar
I 1965 vart Jon Rosenlid heidra med Kongens Fortenestemedalje i gull for sin innsats som spelemann.Han var og æresmedlem i Landslaget for spelemenn og i Bergen Ungdomslag Ervingen.
Bakgrunnsstoff
- Artikkel frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Lydopptak av Jon Rosenlid kan du høyre her. Opptaka er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkavdelinga.