peoplepill id: johannes-selsvik
JS
Norway
1 views today
1 views this week
Johannes Selsvik
Norwegian engineer

Johannes Selsvik

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian engineer
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Jondal, Hordaland, Norway
Death
Place of death
Trondheim, Sør-Trøndelag, Norway
Age
90 years
Awards
King's Medal of Merit in Silver
(1927)
The details (from wikipedia)

Biography

Johannes Selsvik (10. januar 1854–1935) var ein norsk båtbyggjar. Han vart fødd i Jondal i Hardanger. Han lærde det grunnleggande innan båtbygging i oppveksten. Etter å gått i skipsbygginslære på Grams Skibsbyggeri i Laksevåg frå 1874, bygde han det første fartøyet i 1877. Det var kutteren «Vidar» på 73 fot. Dette er eit fartøy som framleis er i bruk.

Frå 1880 til 1896 var han skipsbyggmeister ved Bodø skipsverft. Han etablerte nytt båtbyggeri i Trondheim i 1897. Der vart det bygd garnbåtar, skyssbåtar og seglbåtar. I 1899 bygde han den første kravellbygde fiskeskøyta. Og frå 1900 vart det bygd kravellbygde fiskefartøy for segl og motor. For at det skulle byggast betre og sterkare fiskefartøy som var berekna på motordrift oppretta staten ei vandrelærarstilling i kavellbygging. Johannes Selsvik gjekk inn i denne stillinga, og fungerte som vandrelærar frå 1902 til 1909. Han heldt kurs frå Talvik og Hammerfest i nord til Strandebarm og Jondal i Hardanger. Frå 1910 til 1914 dreiv han på ny båtbyggeri i Trondheim. Det vart ingen suksess. Mellom anna var det slutt med bestillingar av fiskefartøy frå Nord-Noreg. Han hadde lært båtbyggarane der kravellbygging. Frå 1916 til han døydde i 1935 arbeidde han ved Skipskontrollen i Trondheim.

Johannes Selsvik fekk Kongens Fortenestemedalje i gull i 1923.

Bøker av Johannes Selsvik

  • Indberetning fra stipendiat til Chicagoutstillingen. A.F.Knudsens bogtrykkeri Bodø. 1894
  • Beskrivelse over materialdimentionerbygningsmaade af 21.br.tons havfiskebaad. N.Nilssen & ssøns bogtrykkeri. Bergen 1903
  • Bygningsregler for havfiskebaade Egen utgiver 1906

Kjelder

  • Torstein Arisholm med fleire:Kravellbygging i Norge. Hardanger Fartøyvernsenter og Norsk Sjøfartsmuseum 2008
  • Olav Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid Jondal Bygdeboknemnd 1953

Fotnotar

  1. Torstein Arisholm med fleire:Kravellbygging i Norge. 2008
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Johannes Selsvik is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Johannes Selsvik
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes