Johannes Johannesson Aga
Quick Facts
Biography
Johannes Johannesson Aga (25. mars 1814–23. januar 1898) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Ullensvang i Hordaland. Johannes Pedersen Aga var far hans og Lars Johannesson Aga bror hans.
Aga tok over farsgarden i 1839 og dreiv denne. Frå 1840 var han medlem av heradsstyret i Ullensvang, ordførar 1844-71 og 1873-79. Han var forlikskommissær 1857-73, og medhjelpar åt presten i over 40 år. Styreformann i den lokale sparebanken.
Aga representerte Søndre Bergenhus amt på Stortinget frå 1857 til 1873. I 1857 var han medlem av protokollkomiteen og den utvida justiskomite nr 1, på omframstortinget 1858 av finanskomiteen og valkomiteen. Tingsamlingane 1859-60, 1862-63 og 1865-66 var han medlem av protokollkomiteen, 1868-69 og 1871-73 sekretær i same. På omframstortunget 1864 medlem av komiteen om avløninga av hæren. Både 1868-69 og 1871-73 var han medlem av valkomiteen, i 1869 også av røysterettskomiteen. Aga var medlem i Stortinget sine deputasjonar til kongekroninga i Trondheim 1860, og til 1000-årsminnet i Haugesund i 1872.
I 1877 vart han tildelt medalje «til belønning for det norske landbruk». Han døydde på slektsgarden i 1898.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
- Biografisk informasjon om Johannes Johannesson Aga NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv