Janne Nygård
Quick Facts
Biography
Janne-Kristin Svarstad Nygård (fødd 4. september 1989) er ei norsk målkvinne frå Jølster i Sogn og Fjordane, busett i Oslo. Landsmøtet i Norsk Målungdom valde henne til leiar i 2010. Det var ho til 2012. Tidlegare har ho vore skrivar (2008–2009) og nestleiar (2009–2010) i same organisasjonen.
I april 2012 vart ho vald til nestleiar i Noregs Mållag, og har sete som vanleg styremedlem der sidan 2013. I 2013 vart ho også tildelt Målrosprisen av Jølster Mållag.
Nygård har gått på musikklinja på Firda vidaregåande skule. Utanom målsak interesserer ho seg for litteratur, teater og musikk, og har ofte figurert som «Månedens poet» i Dagbladet si diktsatsing for ungdom, «Skolekammeret». Ho har studert nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo, og har ei mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet i Volda. Ho har arbeidd som redaksjonssekretær i tidsskriftet Syn og Segn. I 2018 vart ho vald inn i styret i Nynorsk kultursentrum. Ho har i fleire år vore kvissmeister i avisa Dag og Tid. I Per 2015 arbeider ho i forlaget Det Norske Samlaget.
Bibliografi
Bøker
- 2013 – Kva skal vi med sidemål? : argument og fakta(Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8308-5 [Medforfattar: Vebjørn Sture]
- 2015 – Eit forsøk på å utvide språket.Dei naturvitskaplege artiklane i Syn og Segn i utbyggingsfasen fram til 1940( Høgskulen i Volda) [Avhandling]
- 2019 – Vestlandskviss : den store spørjeboka om Vestlandet(Oslo: Samlaget) . ISBN 9788234000379 [Redaktørar: Halvor Folgerø og Janne Nygård]
I bøker - eit utval
- 2008 – Faen ta tyngdekrafta : vinnerdikt fra videregående(Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-38688-4 [Av innhaldet: Enchantè.Geometriske tulipanar / Janne Nygård]
I tidsskrift - eit utval
Kjelder
- ↑ «Fekk både ros og Målros-pris». Firda.
- ↑ «– Eg er veldig oppteken av språk». Dagbladet. 2007.