Ingelin Røssland
Quick Facts
Biography
Ingelin Røssland (fødd 19. februar 1976) er ein norsk forfattar, journalist og omsetjar. Ho voks opp på Tysnes i Sunnhordland. I 2009 flytta ho til Sverige og bur på Lidingö utanfor Stockholm. Røssland debuterte som forfattar i 1998 med ungdomsromanen Viss du vil på Det Norske Samlaget. I 2001 og 2002 kom dei to romanane Kunsten å inhalera og Flyt.
Sentrale tema i hennar forfattarskap er å finne seg sjølv og sin plass i ei kaotisk verd. Vidare forhold til foreldre, venner, rus, sex og vald mot seg sjølv og andre. Dei fleste bøkene er utgitt på Det Norske Samlaget.
Ho har arbeidd som journalist i avisene Tysnes, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis og i NRK.
Ho har motteke Sunnmørsprisen 2006 og UPrisen 2007 for boka Handgranateple, Sigmund Skard-stipendet 2007,Guro Sandsdalens litteraturpris for 2007 og Falturiltuprisen i 2011. Bøkene hennar er omsett til tysk, fransk, engelsk og færøysk.
I 2012 kom Kirsebærsnø, den fyrste vaksenromanen hennar.
Bøker
- 1998 – Viss du vil – Ungdomsbok
- 2001 – Kunsten å inhalera – Ungdomsbok
- 2002 – Flyt – Ungdomsbok
- 2006 – Handgranateple – Ungdomsbok
- 2007 – Monstertanta – Barnebok
- 2008 – Englefjes – Ungdomsbok
- 2009 – Englejakt – Ungdomsbok
- 2010 – Engleslakt – Ungdomsbok
- 2010 – Diana
- 2011 – Minus meg – Barnebok
- 2012 – En ekte helt – Barnebok
- 2012 – Kirsebærsnø – Roman
- 2013 – Full fres! – Barnebok
- 2017 – Hevner – Ungdomsbok
- 2018 – Stjålet venn – Barnebok
Referansar
- ↑ ««Ingelin Røssland (19.02.1976)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013.
- ↑ ««Prisdryss over Ingelin Røssland»». Nettstaden til avisa Sunnhordland. 16. august 2007. Henta 20. august 2013.
- ↑ ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org).