peoplepill id: hans-torgersen-vestby
HTV
Norway
1 views today
1 views this week
The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Hans Torgersen Vestby (6. mars 1862–26. juli 1927) var ein norsk gardbrukar frå Vestby i Strømmen, kjent for i 1895 å ha konstruert og bygd den fyrste norskproduserte bilen. Dette kan ha vore det fyrste køyretøyet med stempelmotorar med innvendig forbrenning konstruert i Norden.

Fleire kjelder siterer ein artikkel i Aftenposten den 24/10-1895, der det stod at bilen vart driven av ein petroleumsmotor og at han i tillegg til føraren hadde plass til fire passasjerar. Passasjerane sat i ein kupé, medan føraren sat framom kupéen. Ordet bil fanst ikkje på denne tida og Vestby kalla køyretøyet eit landeveislokomotiv. Farten vart oppgjeven til 2 mil per time (20 km/t).

Kjelder

  1. Greetland, P., Bilens historie: Bilismens utvikling i Norge og en kronologisk oversikt over bilens historie, Kongelig norsk automobilklub, 1951.
  2. Motormuseet og industrihistorien langs Sagelven, Skedsmo kommune.
  3. Norges første bil, Localhistoriewiki.no. (vitja 6/4-2013)
  4. Vestmo, B., Glemte Norges første bilbygger, Adressa.no, 25/1-2006.
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Hans Torgersen Vestby is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Hans Torgersen Vestby
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes