Hans H. Engebrigtsen
Quick Facts
Biography
Hans Hagbart Engebrigtsen (13. september 1916–21. januar 2002) var ein norsk flygar, jurist og kontorsjef i Norad.
Engebrigtsen deltok som frivillig i vinterkrigen i Finland, deretter i kampane i Noreg ved Mjøsa og i kampane i Gausdal i 1940.Etter at kampane i Noreg var over kom han seg saman med ein kamerat til Grønland som blindpassasjer på fangstskuta «Ringsel». Etter ei strabasiøs ferd til USA slutta han seg til Little Norway og vart utdanna som flygar. Han vart overført til 330 skvadron på Island der han flaug Northrop. Seinare vart han overført til Skottland, der han flaug Sunderland flybåt og Mosquito.
Etter krigen vart han tilsett som kaptein i DNL, seinare SAS, samstundes som han heldt fram jusstudia.
Han slutta i SAS, tok juridisk embetseksamen, og vart tilsett i Norad som kontorsjef.
Som pensjonist var Engebrigtsen aktiv som styreformann i Aker Eldreuniversitet.
Verk
- 1991 – Seierens bitre frukter: en soldats beretning 1940-1945(Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203167926I fulltekst ved nb.no
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på Hans H. Engebrigtsen frå Wikipedia på bokmål 22. august 2017
Fotnotar
- ↑ «Nekrolog Hans H. Engebrigtsen». Aftenposten: 12. 30. januar 2002.