Hans Andersen
Quick Facts
Biography
Hans Andersen (3. februar 1829–6. juli 1901) var ein gardbrukar, kontorist og stortingsmann frå Solum i Telemark. Han var medlem av Venstre.
Andersen var son til ein gardbrukar i Mælum sokn. Han var sjølv gardbrukar på Gulset i Gjerpen frå 1852 til -60. Tida 1860-98 var han kontorist i firmaet Hans Cappelen. Andersen var medlem av bystyret i Skien i over 25 år, forlikskommissær var han frå 1891.
Andersen møtte på Stortinget 1893-94 for Skien som varamann for avdøde Paul Koht. Perioden 1895-97 var han fast representant frå same krinsen. I 1893 var han medlem av næringskomite nr 2, 1894-97 av sosialkomiteen. 1894 var han også medlem av kontraktørkomiteen.
Andersen var medlem av eit baptistsamfunn, og var truleg den første dissentaren som tok sete i det norske stortinget. Han døydde i Skien i 1901.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914