Hallvard Kloster
Quick Facts
Biography
Hallvard Torbjørnsson Kloster (14. desember 1853–8. november 1914) var ein utskiftingsmann, gardbrukar og stortingsmann frå Fjellberg i Hordaland. På Stortinget representerte han Venstre.
Kloster var fødd på eigedomen Halsnøy kloster, der far hans var gardbrukar. Han gjekk folkehøgskule på Halsnøy og vart så i 1871-72 utdanna til utskiftingsmann i Stavanger. Frå 1872 var han utskiftingsassistent til han i 1881 vart utskiftingsformann, heile tida med bustad i Stavanger. Sidan 1890 var han utskiftingsformann i Søndre Bergenhus amt, busette seg då i Årstad herad, der han kjøpte og dreiv garden Ny-Krohnborg. Han var ordførar i Årstad 1902-09 og forlikskommissær frå 1900.
Kloster var 5. representant for Søndre Bergenhus på Stortinget 1898-1900. Han møtte også på Stortinget perioden 1906-09, då som representant for einmannskrinsen Midthordland. I begge tingperiodane var han medlem av landbrukskomiteen. Kloster var elles medlem av kommisjonen som tok vassdragslova opp til revisjon.
Han døydde i Årstad i 1914.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914