Frikk Heide-Steen
Quick Facts
Biography
Frikk Heide-Steen (fødd 2. juli 1988 i Bærum) er ein norsk songar og dirigent. Han er son til komikaren Harald Heide-Steen jr. Han er utdanna ved Bårdar Akademiet og Norges Musikkhøgskole. Heide-Steen ar musikalsk erfaring frå ulike sjangrar, frå klassisk til jazz, pop, musicals og elektronisk musikk (EDM). Han har medverka på fleire plater, og er tilsett som dirigent for NRKs guttekor Sølvguttene.
Eurovision
Melodi Grand Prix 2014
Frikk Heide-Steen deltok med singelen «Frozen By Your Love» i den fyrste semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av TIMBRE, under namnet Anders Bratterud, og Andrew Bullimore, og vart framført på engelsk av TIMBRE, Frikk Heide-Steen og Ida Stein. Bidraget vart det fyrste i sjangeren house sidan Melodi Grand Prix vart starta i 1960.
Kjelder
- ↑ «Kontaktinformasjon», Sølvguttene (på bokmål), 25. februar 2011, henta 8. desember 2019
- Simon Storvik-Green (28. januar 2014). «Meet the Norwegian artists - Part 1» . Eurovision.tv. Henta 26. februar 2014.
- «Bli kjent med artistene» . Norsk rikskringkasting. Henta 26. februar 2014.
- Steinar Solås Suvatne og Christian Wiik Gjerde (27. januar 2014). «– Denne musikken vil prege 2014» . Norsk rikskringkasting. Henta 26. februar 2014.
- Lina Hekkli (20. februar 2014). «- PAPPA SLUTTET Å DRIKKE FOR OSS» . Se og hør. Henta 26. februar 2014.