Fredrik Enge
Quick Facts
Biography
Fredrik Enge (22. august 1864–1957) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsrepresentant frå Andebu i Vestfold. Han representerte Venstre.
Enge var son til ein gardbrukar i Kodal i Andebu. Skulevinteren 1882/83 gjekk han på Christopher Bruun sin folkehøgskule på Vonheim i Gausdal. Frå 1891 var han gardbrukar på farsgarden. Deretter var han lensmann i Sandeherred frå 1907 til 1935.
Enge var medlem av heradsstyret i Andebu 1892-1940 og på ny i 1945, ordførar 1897-1907 og varaordførar 1934-37. Han hadde ei rad kommunale verv, både i herad og amt/fylke. Ei tid var han nestformann i Det Norske Totalavholdsselskap. Hausten 1912 vart Enge fyrste gongen vald inn på Stortinget for einmannskrinsen Sandeherred. På tinget var han medlem i budsjettkomiteen 1913-15, sekretær i same 1916-18.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Fredrik Enge NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv