peoplepill id: frederik-messel-olsen
FMO
Norway
5 views today
5 views this week
Frederik Messel Olsen

Frederik Messel Olsen

The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Frederik Messel Olsen (5. oktober 1814–24. april 1863) var ein norsk skulemann og politikar, fødd i Oslo, stortingsmann frå Drammen 1854 og 1862-63.

Far til Olsen var bordskrivar.Sjølv vart han student 1830 frå Møllers institutt i heimbyen og der etter cand.filos. i 1836. Han underviste ved Møllers institutt 1830-37 og var lærar ved Drammens lærde skole 1837-39. Åra 1840-46 var han adjunkt ved Christiania katedralskole, til han vart styrar og overlærar ved Drammens skole, ei stilling han hadde til han døydde.

I Drammen var Olsen medlem av bystyret i mange år, ordførar 1851 og 1859, varaordførar 1849-50, 1852, 1857 og 1860. Han var i 1859 med i ein kongeleg kommisjon om «de lærde skoler».

Olsen representerte Drammen på Stortinget i 1854 og på ny 1862-63. I 1854 var han medlem Kyrkjekomiteen og Komiteen om stortingsbygningen, i 1862-63 med i Lagtinget og formann i Kyrkjekomite nr 2. Olsen, som var ugift, døydde 48 år gammal heime i Drammen, seks dagar etter han vart permittert frå Stortinget.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Menu Frederik Messel Olsen

Basics

Introduction

Kjelder

Lists

Also Viewed

Lists
Frederik Messel Olsen is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Frederik Messel Olsen
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes