peoplepill id: frederik-konow-lund
FKL
Norway
1 views today
1 views this week
Frederik Konow Lund
Norwegian architect

Frederik Konow Lund

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian architect
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Bergen, Norway
Age
80 years
The details (from wikipedia)

Biography

Frederik Ludvig Konow Lund (20. oktober 1889–30. august 1970) var ein norsk arkitekt som vert rekna mellom dei beste arkitektane i Noreg på fyrste halvparten av 1900-talet.

Han hadde studert kunstsoge ved universitetet i Kristianina (Oslo) frå 1908, og arkitektur ved den tekniske høgskulen i Dresden i Tyskland i åra 1910-1914. I åra 1915-1916 arbeida han saman med Leif Rustad som arkitekt i Bergen, før han tok eit år i Sambandsstatane. Deretter var han assistent hos arkitekt Ole Landmark frå 1917 og fram til han i 1919 skipa sitt eige arkitektkontor i Bergen. Han er mest kjend for dei særeigne einebustadane han har teikna i Bergensområdet. To av dei mest kjende bergenshusa han teikna er Villa Blaauw, som i 1930 vart heidra med Houens fonds diplom, og Villa Konow, som vart freda av Riksantikvaren i 1993.

Frederik Konow Lund gjorde sitt til å skape ein særeigen lokal moderne vestlandsarkitektur basert på dei naturlege byggemateriala og byggetradisjonane i området, slik arkitektane Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson gjorde sitt til å skape ein særeigen austlandsarkitektur.

Oversyn over Konow Lunds verk

  • Bustadhus, Kråkenesveien 73, Bergen, 1916. Konow Lunds debut.
  • Sommarhus for W. Giertsen, Godøysund på Tysnes, 1919
  • Bustadhus, Kråkenesveien 42, Bergen, 1923
  • Bustadhus Villa Blaauw, Årstadgeilen 26 (tidlegare Årstadveien 19), Bergen, 1925-27
  • Villa Askhaug for G. M.Bruun, Storetveitveien 133, Bergen, 1926. Ny soveromsfløy bygd i 1938.
  • Fana kyrkje, restaurering og eit tilbygg med nytt sakristi, Bergen, 1926–28 og 1953
  • Einebustaden Rieber (Rieber I), Sundts vei 55, Bergen, 1929
  • Einebustaden Johannessen (Hus nr. 6), Kråkenesveien 20, Bergen, 1929
  • Einebustaden Kråkenes, Kråkenesveien 55, Bergen, 1931
  • Einebustaden Tørresen (Hus nr. 11), Straumeveien 51, Bergen, 1931
  • Villa Bruun for G. W. Bruun, Storetveitvegen 133, Bergen, 1933
  • Tomannsbustad (Hus nr. 16), Kråkenesveien 63-65, Bergen, 1934
  • Villa Konow (Hus nr. 14) for ingeniør Francis Konow, Kråkenesveien 43, Bergen, 1935–36
  • Einebustaden Hatlem (Hus nr. 15), Straumeveien 45, Bergen, 1936
  • Einebustad, Kråkenesveien 18, Bergen, 1938
  • Einebustad Nesttun, Hardangerveien 6, Nesttun (saman med Hans Wichmann Rohde), 1940
  • Gjestgivari i Tafjord på Sunnmøre, 1946
  • Einebustad «Gulatun» for fabrikkeigar Finn Danielsen, Hopsåsen 33, Nesttun, 1946-48
  • Restaurering av Nykirken i Bergen (saman med Hans Wichmann Rohde), fullført i 1956
  • Søsterhjemmet Marias Minde og den katolske Vår Frues Kirke, Nylandsveien 31, Bergen, 1956
  • Sommarhus Wallem (ombygging av Leif Grungs funkisvilla), Erviken i Vikedal, 1955-57
  • Garasje og modernisering av Gerdt Meyer Bruuns repslageri, 1957.
  • Villa, Nedre Krohnegården 19, Bergen (saman med sønnen Eilert Konow Lund), 1962
  • Einebustad, Kråkenesveien 33, Bergen, 1964
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Frederik Konow Lund is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Frederik Konow Lund
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes