peoplepill id: ferdinand-lunde
FL
Norway
2 views today
3 views this week
Ferdinand Lunde
Norsk målar

Ferdinand Lunde

The basics

Quick Facts

Intro
Norsk målar
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Berlin, Margraviate of Brandenburg
Place of death
Oslo, Norway
Age
70 years
The details (from wikipedia)

Biography

Ferdinand Lunde (21. juli 1910–21. april 1981) var ein norsk målar, fødd i Berlin og død i Oslo.

Lunde gjekk i målarskule hos Bjarne Engebret og seinare på Statens kunstakademi. Seinare starta han sjølv målarskule i Oslo, saman med Aase Asp Lunde, og «er mest kjent som pedagog». Ei tid var han formann i Unge Kunstneres Samfund.

Han måla helst landskap, oftast i friske fargar. Motiv fann han på stader som Hadeland, Skåtøy og Tjøme, fleire motiv syner tre og skog. Elles måla han bybilete frå Oslo, figurbilete, portrett og stilleben. Han nytta ei «forenkla naturalisme med få detaljer» og la stor vekt på komposisjonen. Bileta hans vert sagt å ha «en stillferdig ro og reflektert holdning» i Norsk kunstnerleksikon.

Kjelder

  1. Alfsen, Glenny (4. juli 2013). «Ferdinand Lunde». Norsk kunstnerleksikon. Henta 9. februar 2019. 
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Ferdinand Lunde is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Ferdinand Lunde
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes