Eivind Volder Rutle
Quick Facts
Biography
Eivind Volder Rutle (fødd 20. januar 1979) er ein norsk politikar frå Ålesund. Han var leiar for Raud Ungdom frå 2000 til 2002. Han stod i spissen då Raud Ungdom hausten 2001 la skulebøker for vidaregåande gratis ut på internett. Aksjonen enda med dom i Høgsterett i 2004, og Raud Ungdom vart dømd til foretaksstraff.
Rutle er i dag tilsett som prosjektleiar i Foreningen !les, og er ein av drivkreftene bak kulturgruppa Opplysningskontoret, der han mellom anna er ein av forfattarane bak ML - en marxist-leninistisk popmusikal og Sannheten om 2005 (og resten!). Rutle har tidlegare jobba i TV-Sunnmøre, Radio RV og ungdomsmagasinet Rebell, og har skrive og produsert ei rekkje kortfilmar, mellom anna Krig er fred, som vart vist på Kortfilmfestivalen i Grimstad i 2004.