peoplepill id: einar-brun
EB
Norway
1 views today
1 views this week
Einar Brun
Norwegian biologist

Einar Brun

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian biologist
Places
Gender
Male
Birth
Death
Age
40 years
Education
University of Liverpool
University of Oslo
The details (from wikipedia)

Biography

Einar Brun (9. november 1936–13. juli 1976) var ein norsk biolog som arbeidde med emne innan marinbiologi og med studiar av sjøfuglkoloniar. Han var mellom anna leiar ved Marinbiologisk Stasjon ved Universitetet i Tromsø og arbeidde med realisering av anlegg for lakseoppdrett.

Einar Brun voks opp i Sandefjord der han tidleg fekk interesse for ornitologi og tok til å merke fuglar for Stavanger Museum. Frå 1965 var han busett i Tromsø, knytt til Tromsø Museum og universitetet. Han var gift med kunstnaren Diana Mary (Dido) Berry.

Karriere

Frå 1955 arbeidde han med ringmerking i Sverige og Danmark og frå 1957 på øya Skokholm i Wales der han blei tilsett på fuglestasjonen frå 1958.

Brun tok hovudfag ved Zoologisk museum i Oslo i 1963, og doktorgraden på pigghudar ved universitetet i Liverpool i 1969.

Frå 1964 blei Brun tilsett ved Tromsø Museum. I 1972 blei han utnemnd til professor i akvatisk biologi ved Universitet i Tromsø, men returnerte til Tromsø Museum i 1975.

Brun dokumenterte funn av kvikksølv i sjøfuglegg i 1974, observerte nedgang i alkefuglpopulasjonar og dokumenterte dette ved eit symposium i Seattle i USA i mai 1975.

Blant publikasjonane til Einar Brun finst ei bok i programmering for problem i statistisk analyse på Noregs første datamaskin med integrerte kretsar, Simulator for Automatisk Maskineri, SAM 2.

Publikasjonar, utval

  • Ornithological Features of Nord-Fugløy and Sør-Fugløy, i Astarte nr. 1(22), 1963, s. 1–13
  • Brun, Einar; Høeg, Ove Arbo;Sæther, Ole-Anton (1965). Østensjøvannet. Østlandske naturvernforening.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  • Utbredelse og hekkebestand av lomvi (Uria aalge) i Norge, i Sterna nr. 8, 1969, s. 209–224
  • Utbredelse og hekkebestand av alke (Alca torda) i Norge, i Sterna nr. 8, 1969, s. 345–359
  • Biology of Manx Echinoderms, Ph.D. thesis, University of Liverpool, 1969
  • Gløtt fra Tromsø Museum. Tromsø: Universitetsforlaget. 1970. s. 5-8. 
  • Brun, Einar (1971). Biostatistisk programmering i SAM 2 FORTRAN. Tromsø: Universitetsforlaget. 
  • Populasjonsendringer hos noe sjøfugler i Sør-Norge, i Sterna nr. 10, 1971, s. 35–56
  • Establishment and Population Increase of the Gannet Sula bassana in Norway, i Ornis scandinavica nr. 2, 1972, s. 27–38
  • Mercury in Eggs of Norwegian Seabirds (sm.m. N. Fimreite m.fl.), i Astarte nr. 7, 1974, s. 71–75
  • Breeding Success of Gannets Sula bassana at Nordmjele, Andøya, i Astarte nr. 7, 1974, s. 77–82
  • Barentshavets sjøfuglressurser (sm.m. M. Norderhaug og G. U. Møllen), i Meddelelser fra Norsk Polarinstituttnr. 104, 1977, s. 1–119
  • Present Status and Trends in Populations of Seabirds in Norway, i US Department of the Interior, Fish and Wildlife Service, Wildlife Research Report 11, 1979, s. 289–301

Kjelder

Anders Klemetsen: Einar Brun i Norsk biografisk leksikon

Referansar
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Einar Brun is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Einar Brun
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes