peoplepill id: edgar-b-schieldrop
EBS
Norway
1 views today
1 views this week
Edgar B. Schieldrop
Norwegian engineer and mathematician

Edgar B. Schieldrop

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian engineer and mathematician
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Brooklyn, USA
Age
74 years
Family
The details (from wikipedia)

Biography

Edgar Bonsak Schieldrop (fødd 8. mars 1891 i Brooklyn i USA, død 12. juni 1965) var ein norsk ingeniør og matematikar, kjent frå fleire utgjevingar.

Schieldrop var son av ein ingeniør og voks opp i Kristiansand og Bergen. Han var utdanna som bygningsingeniør ved NTH i Trondheim (1910-1916), der han vart første formannen i Studentersamfundet i Trondhjem.

Høiskolen vil gjøre dere til studerende, vi, Samfundet, vil gjøre dere til studenter. Den er blind som ikke øiner kløften mellom disse to ords betydning. Den som blott er det første uten å være det annet, han blir ingen mann, intet helt menneske - han kan i høiden drive det til professor.

Edgar Bonsak Schieldrop

Seinare virka han som dosent innan faga mekanikk og matematikk same stad (1919-29) før han tiltredde som professor i praktisk matematikk ved Universitetet i Oslo (1929-61). Vidare hadde han studieopphald i Paris 1920-21 med blant anna Élie Cartan, og i Berlin 1921-22 med Albert Einstein og Max Planck. Han vart Dr. és sciences frå Paris på avhandlinga Sur une classification des accélérations avec applications aux théorèmea généraux.

Han skreiv arbeid om mekanikk, hydrodynamikk og relativitetsteori, var kanskje mest oppteken av dei formelle sidene ved mekanikken, og av dei aksiomatiske grunnlag til denne. Han var omgjengeleg og engasjert i teknologiske og andre samfunnsmessige problem. Han skreiv gode og utbreidde populærvitskaplege bøker, og var kjent som ein virtuos forelesar og foredragshaldar. Han sat som formann i Den Polytekniske Forening (1936-41) og var styreformann i NRK i 1940.

Schieldrop vart ein viktig person innan den norske radikalismen. I 1958 trykte tidsskriftet Orientering foredraget «På skilleveien i dette angstens og håpets århundre» som han heldt i Den Norske Ingeniørforening. Foredraget danna grunnlaget for ein «viktig artikkelserie der fremtredende norske vitenskapsmenn skulle skissere en håpets vei for et samfunn som knelte under vekten av pessimisme og atomopprustning».

Som ingeniør var Schieldrop oppteken av det mogeleges kunst. Han skreiv: «I dag må signalet lyde som i Napoleons dager: Dristighet, dristighet og atter dristighet. Realisten i dag må være en fantast! For en virkelig realist i vårt århundre er bare den som i sine vyer kan svinge seg opp på høyde med tidens mulighet». Schieldrop ville utarbeide en «realitetens eventyrbok» som han ville henge opp for verden, peke på og si: «Se, dette kan vi i dag gjøre med vår jord.»

Han var far til ingeniør og jazzmusikar Bonsak Schieldrop (1927-2001).

Utgjevingar

  • Teknikkens vidundere i fartens tidsalder (1935).To bind, 1300 sider.Om teknologifronten innan biler, tog, fly, radio og telekommunikasjon.Omsett til fleire språk. Ny utgåve 1952.
  • Moderne Naturvitenskap redaktør (1938) 414 sider.
  • Moderne Teknikk (1939) 366 sider.
  • Lancelot Hogben, Matematikk for millioner (1937).Omsetjing
  • Christiania Spigerverk. 1853 - 1961 (1961).
  • Norges Tekniske Høiskole. Beretning om virksomheten 1910 - 1920 (1920).Lokalhistorie.
  • Flyvningens vidundere . 1936

Oppkallingar

  • På Nardo (Vestlia/Steinan) i Trondheim finst det ein veg oppkalla etter han, Edgar B. Schieldrops vei.
  • Kaféen Edgar ved Studentersamfundet i Trondhjem er kalla opp etter han.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Edgar B. Schieldrop is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Edgar B. Schieldrop
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes