peoplepill id: christian-blom-1
CB
Norway
1 views today
1 views this week
Christian Blom
Norwegian politician

Christian Blom

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian politician
Places
Work field
Gender
Male
Death
Age
89 years
The details (from wikipedia)

Biography

Christian Blom (28. mai 1870–1960) var ein norsk marineoffiser, skipskonstruktør og verftsdirektør frå Horten. Han var Noregs fyrste fagmann på ubåtar. Blom var også stortingsmann for Høgre i tida 1928-33.

Far til Blom var skipsbyggingsinspektør. Sjølv var han sjøoffiser frå 1891, utnemnd til premierløytnant i 1894. Åra 1895-97 utdanna han seg til ingeniør i skips- og skipsmaskinbygging i Paris, studerte sidan skipsbygging også i Düsseldorf. Frå 1897 til 1935 var han tilsett ved Marinens Hovedverft i Horten, fungerte som direktør frå 1915 og tilsett administrerande direktør i 1929.

I 1922 var Blom med om å grunnleggje Norges Standardiseringsforbund, styreformann 1931-35. Han var elles medlem i fleire offentleg kommisjonar og komitear vedkomande marinen og anna sjøfart.

Periodane 1928-30 og 1931-33 var Blom stortingsrepresentant frå valkrinsen Holmestrand, Horten, Tønsberg, Sandefjord, Larvik. Alle tingåra hadde Høgre-mannen sete i Militærkomiteen.

Blom konstruerte skuleskipet «Christian Radich», og hadde i 1936-37 tilsyn med bygginga av skipet ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord.

Under andre verdskrigen var Blom stasjonert i Lunenburg i Nova Scotia i Canada, der han leidde arbeidet med å bygge om 16 norske kvalbåtar til minesveiparar. Samstundes gav han råd til den kanadiske regjeringa i spørsmål om krigføringa.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Christian Blom is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Christian Blom
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes