Charlotte Damm
Quick Facts
Biography
Charlotte Brysting Damm (fødd 19. februar 1960) er ein dansk arkeolog som er professor ved Institutt for arkeologi og sosialantropologi ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.
Damm er frå Ikast i Danmark. Ho tok hovudfag i arkeologi ved Universitetet i Århus i 1985. I 1991 vart ho ph.d ved University of Cambridge. Ho var i 1990-91 arkeolog i Finnmark fylkeskommune, og frå 1991 til 1993 var ho leiar for Tromsø Museum sine arkeologiske undersøkingar ved Slettnes på Sørøya. Frå 1995 har ho vore tilsett ved Universitetet i Tromsø, frå 2002 som professor ved Institutt for arkeologi og sosialantropologi. Damm har òg vore professor ved National University of Ireland i Galway i perioden 2011–13.
Ho har drive med ulikt arkeologisk feltarbeid i dei nordiske landa, Grønland, England, New Zealand og Botswana. Damm har retta forskinga si først og fremst mot steinalderen, med spesiell vinkling på jegar-og sankarkulturane i Nord-Skandinavia.
Damm er redaktør for Norwegian Archaeological Review.
Referansar
- ↑ «Damm, Charlotte», Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
- ↑ «Editorial board». Norwegian Archaeological Review. Henta 9. februar 2019.