peoplepill id: balthazar-schnitler-1
BS
Norway
1 views today
1 views this week
Balthazar Schnitler
Norwegian assessor

Balthazar Schnitler

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian assessor
Places
Gender
Male
Place of birth
Trondheim, Sør-Trøndelag, Trøndelag, Norway
Place of death
Trondheim, Sør-Trøndelag, Trøndelag, Norway
Age
64 years
The details (from wikipedia)

Biography

Balthazar Schnitler (15. januar 1787–9. februar 1851) var ein norsk jurist og stortingsmann, fødd på Hitra.

Schnitler var son til ein prest. Sjølv vart han cand.jur. i 1808 og arbeidde sidan som assessor i Trondheim. Han var styremedlem i Noregs Bank frå 1833 til han døydde.

Schnitler var ordførar i Trondheim frå mai 1838 og ut same år, deretter 1840-1841. Han var viseordførar i 1842.

Han representerte Trondheim på Stortinget i frå 1827 til 1833 og 1839-42. I 1827 var han sekretær i komiteen om skog- og bergvesen, og medlem av bankkomiteen samt komiteen om slottsbygninga og kjøpstadskatten. På det overordentlege storting 1828 var han sekretær i komiteen om ansvarslova, medan han på 1830-stortinget var sekretær decisjonskomiteen og medlem av bankkomiteen. I 1833 var han sekretær i komiteen om slottsbygninga og medlem av valkomiteen og av protokollkomiteen. Han bad seg fri frå valet i 1836, men vart vald på ny i 1839 då han på Tinget atter var med i valkomiteen samt han var sekretær i bankkomiteen. På stortinget 1842 var han som i 1833 medlem av valkomiteen og protokollkomiteen. Han vart vald til stortingsmann også i 1845, men bad seg fri og det vart halde eit nytt val.

Schnitler døydde i Trondheim, 64 år gammal.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Balthazar Schnitler is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Balthazar Schnitler
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes