peoplepill id: asle-myro
AM
Norway
1 views today
1 views this week
The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Asle Knutsson Myro (19. oktober 1811–30. september 1879) var ein norsk gardbrukar, kjend som stordansar og kjempekar, frå Hol i Hallingdal.

Asle Myro var frå sjølve Holet, og namnet hans er knytt til springaren «Raggsteindalsslåtten», som seinare vart kalla opp etter han. Han var kjend som ein god dansar i samtida, og var ovende sterk. Mellom anna skal han ha lyft ein kubbestol etter tennene. Bitemerka hans kan framleis sjåast i den stolen han lyfte. Asle var og den første handelskaren i Hol med fast krambu.

Asle gifta seg i 1839 med ei enke, Anne Knutsdotter Nedremyr, som var dobbelt så gamal som han. Han var 28 år og ho 56. Gjennom giftet fekk han seg gard, men klaga seinare over at han berre såg «grått i grått» når han vakna om morgonen.

Kjelder

  • Lars Reinton: Folk og fortid i Hol.
  • Kyrkjebøker for Ål prestegjeld.
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Asle Myro is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Asle Myro
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes