Arve Brunvoll
Quick Facts
Biography
Arve Brunvoll (fødd 17. juni 1937) er ein norsk prest, salmediktar og teolog fødd i Molde. Han har arbeidd med ei rekkje emne innanfor filosofi og teologi og har vore tilknytt NLA Høgskolen i Bergen gjennom ei årrekkje. Han har skrive eller omsett salmar som «Min hyrding er vår Herre Gud», «Å kom, å kom Immanuel» og «Deg å få skode».
Utdanning og yrkesliv
Brunvoll studerte teologi ved frå Menighetsfakultetet i Oslo. Han tok teologisk embetseksameni 1962 ogpraktisk-teologisk eksamen i 1963. I tida 1964-65 var han skuleungdomsprest i Stavanger for NKSS.
I 1968 tok han doktorgraden (Ph.D.) ved Universitetet i Glasgow med ei avhandling som tok for seg filosofi og teologi innan moderne etikk. Same året blei han tilsett ved Norsk Lærerakademi (no NLA Høgskolen) i Bergen som amanuensis (seinare førsteamanuensis) i systematisk teologi. Frå 1992 til 1995 var han rektor ved høgskulen.
Brunvoll spesialiserte seg på filosofen Ludwig Feuerbach, og tok i 1997 endå ei doktorgrad ved Universitetet i Bergen om Feuerbach og utviklinga av hans religionskritikk. I 1998 blei han leiar for NLA sitt forskingsutval og i 1999 fekk han stilling som professor der, seinare professor emeritus.
Frå 1990-talet var Arve Brunvoll engasjert i arbeid med Universitetet i Asmara og Den Evangeliske Kyrkja i Eritrea, der han mellom anna har vore med på å byggja opp kompetanse og stella til samarbeid.
Brunvoll har òg delteke i ei rekkje utval, mellom anna Norsk teologisk nemnd for mellomkyrkjelege spørsmål, etikkutvalet i Kristelig legeforening og Liturgikommisjonen og Salmebokkomiteen til Den norske kyrkja.
Litterært verk
Brunvoll har skrive sakprosa og både dikta og gjendikta salmar. I Norsk Salmebok finn ein til dømes ei rekkje salmar skrivne eller omsette av han. Han har gjeve ut bøker og artiklar innan felt som etikk, humanisme, liturgi, hymnologi, teologihistorie og om Ludwig Feuerbach.
Avhandlingar
- Fact and value - the modern confrontation of philosophy and theology in the field of ethics (doktorgradsavhandling, Universitetet i Glasgow, 1968)
- "Gott ist Mensch". Die Luther-Rezeption Ludwig Feuerbachs und die Entwicklung seiner Religionskritik (i Europäische Studien zur Ideen-und Wissenschaftsgeschichte, Bd. 3), Frankfurt am Main: Peter Lang, 1996.
Fagartiklar og bøker
- Norske kirkes bekjennelsesskrifter : ny oversettelse med innledning og noter (Oslo : Lunde, 1972)
- «Ideologiomgrepet i politisk og teologisk samanheng», i Samtale om kristendom og sosialisme (Oslo: Lunde, 1976)
- «Teologiske teser til spørsmålet om kyrkjeleg ulydnad mot staten» i Toralf Tveiten og Ole Øystese (red.): Frihet og statsmakt. Frie undervisningsinstitusjoner i et demokratisk samfunn (Oslo: Lunde, 1981)
- «Luthers salmar som bøn», i Ung Teologi 1992
- «Humanismen som menneskesyn» i Hva er et menneske? (Bergen: NLA-forlaget, 1996)
- «Religion etter religionskritikken : eit historisk og kritisk blikk på det religiøse menneskelege medvitet» i Religion og kultur : ein fleirfagleg samtale, bd. 4 (Oslo: Universitetsforlaget, 2009)
Lyrikk
Salmar:
- «Audmjukt kjem vi saman for ditt auga, Gud» (omsetjing etter ein tekst av J. Chirwa)
- «Deg å få skode er sæla å få» (omsetjing etter ein tekst av C.F. Butler)
- «Du far og herre, du som rår»(omsetjing etter ein tekst av John Greenleaf Whittier)
- «Du sette deg sjølv der dei lågaste sat» (omsetjing etter ein tekst av Hans Anker Jørgensen)
- «Før dagsens siste ljos døyr ut» (omsetjing av latinske «Te lucis ante terminum»)
- «Jerusalem, du by på Herrens høgd» (omsetjing etter ein tekst av Johan Matthaeus Meyfart)
- «Kom, Heilage ande»
- «Min hyrding er vår Herre Gud»
- «Om kjærleik er min song» (omsetjing etter ein tekst av Samuel Crossman)
- «Vi syng med takk og glede» (omsetjing av tysk kyrkjevise)
- «Å kom, å kom, Immanuel» (omsetjing av latinske «Veni, veni, Emmanuel» frå 1100-talet)
- «Å, kor djup er Herrens nåde» (omsetjing etter ein tekst av Frederick William Faber)
Anna:
- Kristnikvede med Knut Nystedt
- Fange og fri (omsett libretto av Britt G. Hallqvist)
- Halleluja! Lova Gud! 25 bibelske salmar (Bergen: Vest-Norsk Musikkforlag 1981)
- Ord frå alle æver, cd med Brunvoll sine salmar framført av Bergen Domkantori med kommentarar av Arve Brunvoll. (NRK Sangtimen)
- Wevers of wollen : the assumption of the Virgin, taletekst
Kjelder
- «Arve Brunvoll»i Store norske leksikon, snl.no.
- Bruvoll, Arve (29.11.1998), CV CS1 maint: Date and year (link)
- Eriksen, Elise Nyborg, 3. søndag i Advent, abcnyheter.no
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
- Litteratur
- Anne Kristin Aasmundtveit, Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Koralbok, Verbum forlag, Oslo, 1995. ISBN 82-543-0573-0. Side 142.
- Nettlenkjer
- Bruvoll sin nettstad
- Liste over utgjevingar ved Bruvoll sin nettstad
- Oppslag i Store Norske Leksikon