Ann Kavli
Quick Facts
Biography
Ann Kavli (fødd 17. september 1960 i Åndalsnes) er ein norsk forfattar og kunstnar med eit stort verkefelt. Ho har formidla tekstar i fleire sjangrar sidan debuten i 1991.
Utdanning
Kavli er utdanna adjunkt med norsk som grunnfag ved Lærarhøgskulen i Volda (1984). Ho studerte deretter mediefag ved Distriktshøgskulen i Volda (fram til 1986) og tok Forfattarstudiet i Bø (1990). Seinare tok ho kunstutdanning ved Strykejernet Kunstskole i Oslo (1998). Kavli er busett på Nesodden i Akershus.
Verk
Kavli har arbeidd både med dikt, skjønnlitterær prosa/romanar og andre uttrykk. Debutboka hennar var diktsamlinga Noko skal hende deg, to år seinare kom romanen Fire fargar seinare. Lyrikken til Kavli er gjerne prega av overraskande, tivtydige bilete, og er blitt karakterisert som «på same tid myke og 'knudrete'».
Sameining av ulike kunstformer pregar heile verket til Kavli. Ho har framført tekstar som kunstperformance og til jazz av Karl Seglem. Som biletkunstnar har ho laga illustrasjonar og bokomslag, også for eigne bøker, medan fleire dikt er vigde eller inspirerte av kunstverk. Prosabøkene hennar blir gjerne kalla poetiske, og ho har sjølv uttalt at «Generelt appellerer nok bøkene mine til lesarar som har ein poetisk legning.»
Verv
Ann Kavli har hatt ulike verv i litterære organisasjonar. Ho blei medlem i Det Litterære Råd i 2001 og er styrerepresentant for Den norske Forfatterforening for perioden 2010–12.
Bibliografi
Dikt
- Noko skal hende deg (1991)
- Akvatinter (1996)
- Å hekle ein laks (2000)
- Flytt (2005)
- Ut av juli (2011)
Prosa
- Fire fargar seinare (1993)
- Delfinens smil (1995)
- Alt er som det skal vere (1998)
Dramatikk
- Spøkelset som ikkje ville spøke, barnestykke, bestilt til Vossa-Jazz 1997.
Prisar og utmerkingar
- Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond (1998)
- Kulturstipend av Oslo kommune (1999)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Nettstaden til Ann Kavli
- Bøker av Ann Kavli digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
- Dagbladet