Alv Askeland
Quick Facts
Biography
Alv Martin Askeland (fødd 6. oktober 1911 i Haugesund, død 11. august 2003) var ein norsk sokneprest, målmann og salmeforfattar.
Askeland studerte teologi ved Menighetsfakultetet og vart ordinert som prest i 1942. I 1945 gifta han seg med Sara Aga. I perioden 1945–55 var han hjelpeprest i Tysnes. I tillegg til det vanlege prestarbeidet samla han mykje minnesmateriale frå området som inkluderte mange gamle tradisjonar frå 1800-talet. Frå 1956 til 1978 var han sokneprest. Frå 1963 var han også prost i Nordre Sunnhordland prosti.
Askeland var den fyrste styreformannen i Norsk Bokreidingslag etter nyskipinga i 1971. Elles var han mellom anna med på å skipe Ivar Aasen-sambandet i 1965, og han var formann i Prestemållaget mellom 1970 og 1972. I ei rekkje år var han og ein sentral person i Vestmannalaget.
Gjennom arbeidet sitt bar han fram tanken om eit bygdeuniversitet, og dette vart i 1974 ein realitet gjennom den frilynte folkehøgskulen Raulandsakademiet. Seinare motstod han norsk medlemskap i EU, og i 1997 gav ut ei bok som heitte Folkesuvereniteten, Stortinget og Grunnlovi: kontra norsk medlemskap i EU
Alv Askeland gav ut salmesamlinga Kyrkjeljod i 1988. Siste delen av livet budde han på Utne, der kona hans var frå.
Verkliste
- Kyrkjeljod. Salmar - eigne og umsette (Norsk Bokreidingslag, 1988)
Prisar og utmerkingar
- 1982 Kongens fortenestmedalje i gull
- Æresmedlem i Norsk Måldyrkingslag
- Æresmedlem i Vestmannalaget
- Æresmedlem i Vestlandske Mållag
Kjelder
- «Alv Askeland» i Allkunne, innhenta 18. desember 2009.
Referansar
- ↑ Sundalsslekt i Mauranger, del 2, Stord kommune
- ↑ Mikal Heldal, Preikesundag i Onarheim kyrkje Tysnes kystlag
- ↑ Om Raulandsakademiet på nettstaden deira.
- ↑ Bokhylla.no