Alexander Røsler
Quick Facts
Biography
Alexander Røsler (fødd 1947 i Dachau i Tyskland) er ein norsk dokumentarfilmregissør, fotograf og sosialantropolog.
Biografi
Alexander Røsler vart fødd i ein jødisk familie i Dachau i Bayern i 1947, og kom til Noreg med familien sin som flyktningar på 1950-talet. Før han starta som filmregissør, tok han mag. art i sosialantropologi. Då han reiste på feltarbeid til Amazonas i Peru, der han laga sin fyrste dokumentarfilm. Seinare har han jobba med UNICEF i Latin-Amerika og medverka på fleire dokumentarfilmar. Han regisserte og produserte filmar sjølv også, ofte dokumentarfilmar for organisasjonar som NORAD, Amnesty International og NRK.
Røsler sine mange dokumentarfilmar har vorte spelte på mange filmfestivalar. Han har også gjort karriere som fotograf, og har hatt fleire separatutstillingar. Han var dessutan kortfilmsjef for Norsk Film i to år.
I 1985 gav Røsler ut kortfilmen Sommerjubel, basert på ein roman av Rune Belsvik. I 1987 regisserte han langfilmen Trollsteinen. Kortfilmen Gutta kom i 1988, og Life Is Hard and Then You Die i 1989.
I 1991 vann Alexander Røsler Amandaprisen i klassen Beste dokumentarfilm for Svett glamour. I høve Vinter-OL 1994 vart Røsler brukt av NRK som dokumentarfilmregissør på Lillehammer. Filmen han kanskje har vorte mest kjend for er likevel Mendel frå 1997. Filmen handlar om ein jødisk familie som flyktar til Noreg tidleg på 1950-talet, og har såleis sjølvbiografiske trekk.
Røsler er i dag busett på Lillehammer der han er professor ved Høgskolen i Lillehammer. Han er far til skodespelaren Benjamin Lønne Røsler.
Filmografi (utval)
- Sommerjubel (1985), kortfilm
- Trollsteinen (1987)
- Gutta (1988), kortfilm
- Life Is Hard and Then You Die (1988), kortfilm
- Svett glamour (1991), dokumentar
- Mendel (1996)
Prisar og utmerkingar
- 1985: Publikumsprisen for Sommerjubel under Kortfilmfestivalen i Grimstad
- 1985: Same pris for same film under Chicago International Festival of Children's Film
- 1991: Amandaprisen i klassen Beste dokumentarfilm for Svett glamour
- 1997: Special Jury Award for Mendel under Shanghai International Film Festival