Agnes Symra
Quick Facts
Biography
Agnes Symra (fødd 18. oktober 1874 som Agnes Elisabeth Simonsen, daud 1973 i Stockholm) var ein norsk skodespelar.
Agnes Symra var fødd i Bergen som dotter av cand.theol. Johan Henrich Simonsen (født 1840) og Anne Margrethe Reimers (1844-1892). Ho debuterte på Den Nationale Scene i Bergen i 1893. I 1899 blei ho tilsett ved Nationaltheatret i dåverande Kristiania.
I 1896 gifta Agnes Simonsen seg med teatermannen Halfdan Christensen. Ekteskapet blei oppløyst i 1904. Ho byrja å bruka namnet Agnes Symra i 1907.
Ifølgje oppslagsverket Hvem er Hvem frå 1912 var Symra særleg kjend som oppleser av «dramatisk digtning», blant anna av Peer Gynt, i både Skandinavia og Tyskland.
På Nationaltheatret sin turné i Tyskland og Austerrike i 1913 resiterte Agnes Symra utdrag frå Peer Gynt. Den fullstendige turnélista er ikkje kjend, men dei austerrikske byane Linz og Wels var blant spelestadene.
Kjelder
- ↑ «AGNES CHRISTENSEN SYMRA», Nationaltheatrets forestillingsarkiv
- ↑ NBL-artikkel om Halfdan Christensen.
- ↑ "Hvem er Hvem 1912" på nettstedet www.runeberg.org
- ↑ Omtale av turneen på nettstedet www.ibsen.net
- Denne artikkelen bygger på «Agnes Symra» frå Wikipedia på bokmål,den 9. november 2017.
Bakgrunnsstoff
- Stavanger Aftenblad 4. april 1909 - notiser om Agnes Symras opptredener i Haugesund og Stavanger
- Stavanger Aftenblad 15. november 1909 - notis med overskriften Frøken Agnes Symra: "Frøken Agnes Symra, som i februar agter at gi en oplæsningsaften i Stavanger, har i en række Berliner-aviser faat en udmerket omtale for fin oplæsningskunst. Saalædes skriver"Reichsanzeiger": "For nogle dager siden introducerede frøken Agnes Symra fra Stockholm sig hersteds i (---) som en høitbegavet recitatrice. Hun foredrog Ibsens dramatiske digt "Peer Gynt"(---)"